Revisjonshistorikk [tilbake]

trykk for å gjemme/vise revisjon 1
opprinnelige versjon

Er det tilfelle?

Hei. Det vart bilferie i sommer slik som for mange andre. Eg oppgraderte derfor bilparken med å kjøpe ein Audi A4 TFSI, 1,4- 17 mod. med 150 hp. Km.stand 53000. Ein god bil. Etter ein service no i desember på eit ikkje merke verksted nemnde eg at automat kassa var noko hard i nedgiringa mellom 5-4-3 gear. Då det fortsatt er garanti på denne bilen anbefalte dei meg å kontakte eit merkeverksted for ein kontroll av automatkassa. Så gjort. Dei fant ingen feil ved oppkobling til feilregistrator, heller ikkje ved prøvekøyring fant dei noko spesielt.Litt rykking var det men ikkje noko spesielt.Grunnen var nok at det er for liten motor i bilen. 1,4 liter. Er det tilfelle at ein må godta hard giring fordi ein har bil med lite motorvolum? Nedgiring på dei andre trinna er ingen problem.