Revisjonshistorikk [tilbake]

trykk for å gjemme/vise revisjon 1
opprinnelige versjon

Er det trygt å kjøpe hybrid?

Hei Benny.

Vi er på utkikk etter ein ny familiebil i prisklassen 500 til 550-tusen. Ser at det finst eit stort utvalg av Volvo V90 T8 eller BMW X5 40e. Er det ein grunn til at så mange vil kvitte seg med hybridbilen sin igjen såpass fort? Er det noko eg ikkje har fått med meg. T8 blir jo oppgitt til å klare 0-100 på 4,8 sek. Vil den alltid gjere det? Kva skjer nåt batteriet er tomt? Må bilen på lading igjen før den har full ytelse? Er jo kjedelig om ein berre kan køyre forbi på første del av langturen.

Og kva med verditap? Kan det bli stort no når det er store ting som skjer på bilfronten. Vil hybrid bli fasa ut i løp av 5 år, når El-bil blir eit fullverdig alternativ?

Burde vi gå for hybridversjon, eller kjøpe ein litt eldre til samme pris med diesel? Vi bur litt på bygda, der pendleavstand til jobb er mellom 1 og 3 mil kvar veg.

Helsing Jonas.