Revisjonshistorikk [tilbake]

trykk for å gjemme/vise revisjon 1
opprinnelige versjon

delepriser og kvalitet

Hei Benny! Eg har nett bestilt bildeler frå autodeler.co.no for ca. to tusen + mva. ( Bremse og forstillingsdeler ) Nettstaden opererer med mange ulike fabrikat og prisar for same delen. Eg bestillte stort sett dei rimelegaste delene. Dersom eg hadde kjøpt dei dyraste ville rekninga vorte omlag triogeinhalv gong større! Er dei dyraste delene betre? eller betalar ein berre ekstra for merkenavn og innpakning?

Eg hugsar at eg tidlegare vart fortalt om mjuke og harde bremsebelegg. Dei harde varte lenge, men krevde stort pedalltrykk, medan dei mjuke bremste godt med lite trykk - men vart fort utslitt. Er det slike kvalitetsforskjellar i dag??

Med helsing Audun Kalveland

Antall visninger