Fin SUV til kring 250 000
Hei Benny!
Eg vurderer ein SUV til kring 250 000 kr, som eg vil ha eit par år. Gjerne eit premiummerke. Har funne tre på Finn så langt som eg synest ser interessante ut:
- 2009 Audi Q5 3,0 V6 bensin, gått 117 000 km
- 2012 Volvo XC60 D5. gått 75 000 km
- 2015 Lexus NX 300h, gått 158 900 km
Alle tre ser ut til å vere godt fulgt opp med servicar og EU-kontroll. Sjølv om den har gått lengst, er kanskje Lexusen det tryggaste valet med tanke på driftssikkerheit?
Ser fram til svar!