Endring av bil og plikt til å få gjort endringar i vognkortet.

spurt 2019-07-15 15:27:14 +0100

anonym bruker

Anonym

Hei! Sonen min har kjøpt ein Audi A6-2005 modell. Han trudde han hadde kjøpt draumebilen, men no er vi i tvil. Bilen har fått montert senkesett og er "opp-chippa til 300 hk, iflg seljar. Dette vart opplyst ved kjøp og er notert på kontrakta. Men vi var ikkje klar over at slike endringar skal godkjennast av biltilsynet og førast inn i vognkortet.Så eit av spørsmåla mine er : Er det grunn til å kreve at tidlegare eigar dekkar utgifter til det som må gjerast for å få bilen godkjend? Eg har forstått det slik at vi kan risikere at bilen ikkje blir godkjend. Og så lenge denne godkjenninga ikkje er på plass, vil ikkje forsikringa vere gyldig heller. Bilen blei framstilt som rustfri, men seinare NAF-test viser at der er rustangrep under bilen. Naf-testen viser også fleire andre feil og manglar. Så har vi kjøpt "katta i sekken" ?

rediger omgjør tags merk som støtende lukk merge slett