Rekkeviddesvindel?
Renault reklamerar no for nye Zoe med 400 km rekkevidde, men når ein går inn på nettsida og les om bilen står det følgande:
"Det nye Z.E. 40-batteriet gir 403 km (NEDC-norm) – eller en reell rekkevidde på inntil 300 km i sommerstid (avhengig av kjørestil, temperatur, topografi etc.)"
Så reell rekkevidde er altså berre 75% av reklamert rekkevidde, og denne "reelle rekkevidda" er i tillegg målt på sumarstid - kanskje på flate europeiske vegar? Er det ein ny type bilsvindel me er vitne til her, berre at produsentane legg alle korta på bordet då kundande er blenda av grønskjæret?