Er XF så bra som den ser ut?

spurt 2015-02-19 23:24:03 +0200

Hei, Benny.

Vi er ein familie på fire som ser etter ny, komfortabel stasjonsvogn. For å vere ærleg, så er vi på utkikk etter noko litt meir spennande enn Mondeo, Passat eller for den del BMW. Mens eg leita litt i blinde på Finn.no, så ramla eg over fleire to år gamle XF'er som kosta omtrent vi har tenkt å legge i ein ny bil(XF SPORTBRAKE 2,2 Diesel) Eg blei sjokkert over at ein slik bil var innan rekkevidde, då det faktisk er eit smykke, og ein bil eg trudde eg berre kunne drøyme om.. FOR nokre linjer!

Ser at Jaguar ligg bra an på fornøydhetsskalaen (nr tre etter Lexus og Skoda, ifølge eit britisk bilmagasin), men eg lurer på om kvaliteten på desse bilane verkeleg er god nok til at verdifallet ikkje fortset som dei to første åra.. Denne bilen var jo svindyr som ny! Håper egentlig du meiner det er ein fornuftig bil å kjøpe, for dette er verkeleg drøymebilen!:-)

rediger omgjør tags merk som støtende lukk merge slett