Revisjonshistorikk [tilbake]

Heisann!

Takk for svar begge to! Eg noterer meg brukarnamnet "Kona", og mistenkjer at du sjølv kanskje køyrer lillebroren til den bilen vi prøvekøyrde i helga, Kia e-Niro :)

Vi har heilt klart landa på elbil no, og spørsmålet som gjenstår er då kva for elbil vi skal kjøpe. Smertegrensa budsjettmessig er 600 000, men det synst eg då også er ein smerteleg sum. Men vi treng rekkevidde og plass til tre ungar og to vaksne. I elbil-marknaden er det ikkje flust av slike bilar.

e-Niro fungerer. Men det er ikkje komfortabelt å trekke det kortaste strået på langtur og bli den forelderen som må sitte i midten mellom to seter bak. Rekkeviddemessig absolutt bra.

Alternativa vi har identifisert er tospannet ID4/Enyaq. Desse er litt vanskeleg å skilje mellom, men etter alt å døme er det litt pengar å spare på å gå for ID4. Desse vil koste oss opp mot 100 000 meir, men då får vi også litt meir plass.

Det er lansert ei lang rekke sjusetarar (ombygde varebilar for det meste), men alle desse har litt for kort rekkevidde til at eg er villig til å gå for den løysinga. I dette segmentet er Tesla Model X den einaste som kan by på rekkevidde, men den er ikkje innanfor vårt budsjett før nybilgarantien har gått ut på bruktbilane. Det er eg også ganske skeptisk til (nok vedlikehald på tre ungar, om eg ikkje må forholde meg til streikande bil også).

Så elbil med rekkevidde over 400 WLTP og plass til ein heil familie på fem er ein ganske underutvikla marknad. Det skjer interessante ting i 2021, men vi har ikkje veldig god tid til å vente på nyvinningane, og etter alt å døme er det få lanseringsklare bilar som møter våre behov uansett.