Revisjonshistorikk [tilbake]

Familiebil tre barn i by og på landeveg - elektrisk eller ladbar hybrid?

Hei Benny,

Vi er ein familie på fire, snart fem. Då blir alderskombinasjonen 0, 2, 4 -. og altså tre barneseter av forskjellig størrelse i åresvis framover. Vi har til no klart oss med sykkel kombinert med bildeling, men ser at behovet no endrar seg vesentleg.

Vi bur godt planta innanfor ein bompengering og kjem oss knapt på butikken eller i barnehage, utan å betale bompengar. Vi har opplegg for lading på fast parkeringsplass i blokka der vi bur. Vi reknar med å bruke bilen mest lokalt, og sannsynlegvis til dagleg barnehagetransport. I tillegg kjem vi til å reise regelmessig på langturar ca 200 km på vestlandsvegar, og minst ein gong årleg (gjerne to) 500 km. Vi skal berre ha ein bil.

Budsjettmessig trur vi +/- 600 000 er smertegrensa, men helst vil vi laaangt under ein slik sum. Målet er så låge driftskostnader som mogleg for å unngå at ein får dårleg samvit kvar gong ein set seg i bilen. Difor luktar vi hovudsakleg på elbil, som har vist seg å vere ein vanskeleg kategori for vår familiestørrelse. Alternativet, slik vi ser det, er ein ladbar hybrid - men då aukar både innkjøpsprisen og driftskostnadane betrakteleg innanfor vårt segment, ser det ut til. Vi er elles pragmatiske og fokuserer på trafikksikkerheit, driftssikkerheit og økonomi (Dessverre! Eg får kjøpe meg ein morosam bil etter at ungane har flytta på hybel ein gong).

Ideelt sett skulle vi hatt noko sånt som ein Ford S-Max, men slike bilar finst berre i fossil. Vi har prøvekøyrd sjusetaren Maxus Euniq, men den var skuffande på innandørs logistikk, så det var overraskande vanskeleg å utnytte plassen med tre barn samtidig. I tillegg har den for kort rekkevidde. Vi skal prøvekøyre Kia e-Niro kommande helg. Den er nok for liten til tre barnestolar i baksetet, men kanskje kan vi klare å kompromisse med ein stk. komprimert forelder i midten bak. Ukomfortabelt, men gjennomførbart? Skoda Enyaq og VW ID.4 er notert, og har truleg omtrent like breitt baksete Den ladbare hybriden Toyota Rav4 ser svært spennande ut, men her blir jo utgiftene med ein gong mykje høgare, og dimed ser vi mest på elbil.

Kort fortalt (TL;DR): Plass til tre ungar, billegast mogleg i drift i bysentrum, moglegheit for langtur, trafikk- og driftssikker. Kompromissvillig på det meste anna (inkl. komfort).

Kva for alternativ finst? Tenker vi feil og ser på feil kategori av bilar? Burde vi prioritere annleis?

Dette blei veldig langt.. Eg takkar verkeleg for alle innspel vi kan få! Det er verkeleg komplisert å kjøpe bil i 2021.

Antall visninger