Revisjonshistorikk [tilbake]

trykk for å gjemme/vise revisjon 1
opprinnelige versjon

Startproblem Transit

Godt råd når det gjeld startproblem for Ford Transit (2010-modell)? Bilen hadde ikkje elektrisk dieselpumpe, men har i haust fått ettermontert el.pumpe som eg kan starta ved behov. Har hatt problem i fleire år. Har vanlegvis greidd å få start ved å bruka den vesle pumpa som er på filteret, men i haust måtte mekanikaren som kom bruka startgass. Det er ein bubil som vart sett under tak i slutten av november,- ved juletider og 1 månad seinare starta motoren med ein gong utan bruk av el.pumpe. Så prøvde eg for torsdag, og idag 2 dagar seinare, først utan el.pumpe, og så ved å la pumpa gå 5-6 sekund pluss ved kinning av startmotor. Ingen start - daudt. Bilen har vore inne på verkstad 3 gonger, før el.pumpe vart montert, for å prøva å finna årsaka til at dieselen ikkje kjem fram. Godt råd før eg tilkallar verkstadbil ?

Antall visninger