Revisjonshistorikk [tilbake]

trykk for å gjemme/vise revisjon 1
opprinnelige versjon

Familiebil

Hei Benny!

På grunn av litt større familie må eg bytte ut min peugeot 2008 med ein større bil. Dama sin drøm er jo selfølgelig ein SUV. Så me har sett på Mazda CX5 og Outlander PHEV, problemet eg har med desse er prisen då eg føler det er litt mykje å betale for ein litt høgre bil med forholsvis lite bagasjeplass. Penger er ikkje eit stort problem men me har satt ei grense rundt 400 000 kr. Til ein viss grad kan eg vere enig med dama, spesielt siden eg kjører ganske mykje på grusveg og andre dårlige vegar rundt på vestlandet. Me har lyst på ein relativt ny bil då me likar nyvinningar og helst vil ha nokre år med garanti igjen på bilen. Kjører i snitt rundt 20 000 km i året, og 4x4 vil nok og sansynligvis vere ein fordel. Det eg lurer på er om det finst nokon bil innanfor ein fornuftig pris som vil gjere både meg og dama fornøyd?

Antall visninger