Revisjonshistorikk [tilbake]

Toyota Corolla D4D 90hk 2007

Har ein Toyota Corolla 07 D4D diesel som eg fekk skifta dieseltank på etter lekasje i april. Verkstedet utførte samtidig olje/luftfilterskift. Dieselen på gamletanken tømte dei over på ny. Vart også nevnt at det var forskjellig koplingar på ny kontra gammal tank. Bilen har kjørt 128 000km

Fyrste dagen etter at eg henta bilen fungerte den heilt fint. Dag to begynte eg å merke at bilen vart vanskelegare å starte for kvar start, samt at indikatoren om motortrøbbel kom på. Mens motoren gikk merka eg ingenting unormalt å den gikk stabilt. Stakk til utlandet nokre daga å hadde store problemer med å starte då eg kom tilbake. Klarte såvidt å starte den dagen etter å kjørte derfor til verkstedet. Bilen stoppa brått 75m før verkstedet etter 10min kjøretur.

På verkstedet fann dei ut at det var trøbbel med rail-trykket å etter litt sjekk påstod dei det var pga stor slitasje på to dyser (dei nekta for at det kunne vere relatert til tankskiftet). Det var stor retur av diesel frå desse to dysene. Gikk med på å skifte to dyser, men det tok to veker pga lang leveringstid.

Mottok bilen ein fredag å verkstedet påstod den fungerte fint, å eg merka heller ingenting den dagen. Laurdag skulle eg kjøre ein 50min tur inklusiv ferge. Etter å ha stoppa/starta bilen to gongar skulle eg kjøre av ferga, no var det igjen trøbbel med å starte og motorlyset kom igjen på. Tok likevel sjansen på å kjøre dei siste 20min til destinasjon. Etter 15min stoppa eg ved ein butikk og etterpå ville bilen såvidt starte. Fikk start men etter 5km kutta motoren brått å det var umogleg å få liv i den (nødmodus/feilkode som gjorde at den ikkje starta). Fikk bilen frakta tilbake til verkstedet.

Status no er at alle 4 dieseldyser har blitt skifta samt dieselfilter. Litt vatn i dieselfilteret men ellers var det ok visstnok. Etter ein halvtimes kjøretur der bilen fungerte heilt fint opplevde verkstedet at motortrøbbelindikatoren kom på igjen. Denne gangen var det ikkje feilkode for railtrykk,men feilkode som anga at dieseltrykkregulatoren ikkje leverte det den skulle.

Verkstedet meiner no at dieselpumpa må skiftast (ikkje mogleg å få tak i dieseltrykkregulator påstod dei), men kan ikkje garantere at det løyser problemet :/ Får inntrykk av at verkstedet prøver seg fram på min bekostning her.. Er problema over noko som er kjent på denne typen motor, og er det ikkje rimeleg å forvente at eit verksted skal gjere litt meir enn å "forsøke seg fram"? Om problemet ikkje løyser seg etter pumpeskift blir bilen denne gang tatt med på merkeverksted for vidare sjekk.

Antall visninger