Revisjonshistorikk [tilbake]

Ny, enkel og billig bil nr 2

Hei! Eg har ein Avensis, kjøpt brukt, som går som familiebil, men no har arbeidsituasjon "pressa" fram behovet for ein bil til. Då tenkte eg å gå for noko så enkelt og rimeleg som råd, då denne berre skal nyttast som transport til og frå arbeid (5mil tur-retur) for ein person pluss generell småkøyring.

Har ein forkjærleik for statistisk driftsikre bilar, men rust er det ikkje lett å unngå, noko eg slit med på avensisen allereie. Sidan eg bur i innlandet, og her ikkje vert salta, har eg sett på ny bil som eit godt alternativ. Då slepp eg å handtere den saltsuppa andre bilistar har køyrt bilen i før meg.

Med Nissan og Funnemark som dei desidert nærmaste forhandlarane er det desse som står øvst på lista, med tanke på å følgje opp service og kome på verkstad når behovet melder seg. Tenkte meg noko i prisklassa 120 000 - 150 000 kr, og har sett på Micra og Aygo.

Treng som sagt ikkje noko fancy og flashy, men det som er naudsynt for at bilen skal fungere best mogeleg sikkerhetsmesig og i det heile.

Kva for utstyr bør eg absolutt ha på ein slik bil? Kva for utstyr er fornuftig å ha, sjølv om det strengt teke kanskje ikkje er heilt naudsynt? Er det i det heile mogeleg å få eit alternativ med eit slikt utstyrsnivå til denne prisen etter litt prisforhandling?

Set veldig pris på svar! Kona vert stadig strammare i maska for kvar dag som går med bilsituasjonen me har i dag, og sure koner gjer ikkje kvardagen mindre grå... :p