Brukt Porsche Cayenne disel?
Hei Benny! Vurderer å kjøpe brukt Cayenne med 3l disel, V6, 211 eller 245hk. Har eit budsjett på opp mot 500'. Ser på Finn at eg da får ein 2012-2014 mod med ca 120-150' km. Har tenkt å ta ein Komplett NAF-test før kjøp, men er det noko eg bør vera spesielt obs på ved kjøp av slik bil? Motor, luftfjærer eller andre ting. Kva utstyr er viktig å ha, og kva bør eg helst ikkje ha? Eg har stor sans for store SUVer og har hatt både BMW X5 , X6 og Audi Q7. Har også sitt litt på Macan, men det er vel tross alt ein heilt anna type bil... Set stor pris på tilbakemelding. Mvh Reidar