0

Glødeplugg sit fast, knekte, korleis få den ut?

spurt 2019-05-24 09:51:20 +0100

anonym bruker

Anonym

Hei Bennye :) Eg har ein trofast Toyota Yaris Verso 2005 modell som har gått 250 000 km. En gang i fjor byrja den gule motorblokk-lampa å lysa, eg kobla til OBD2-kontakten for å sjå om eg fekk kva som var galt. I appen fekk eg opp feilkode P0380 ( Glowplug / Heater Circuit A ), noko som kunne peika mot feil på glødeplugg.

Eg tenkte at å skifta glødepluggane var ein rimeleg ting å byrja med. Eg kjørte motoren godt varm, så skrudde eg ut tre glødepluggar, den fjerde satt fast, og den knakk i forsøket på å få den ut.

Eg kjøpte eit verktøysett til ca 1 000 kr på nettet for å trekka glødepluggen ut, men det lykkast ikkje.

Eg prøvte eit råd frå ein venn om å kjøre med bilen sånn, og håpa at eg hadde veldig flaks, sånn at glødepluggen gav etter for trykket og spratt ut. Det har ikkje skjedd, eg har kjørt sånn i fleire månadar. Har også hatt 5-65 rustløsar i holet etter den delen av glødepluggen som er vekke i håp om at det hjalp.

Han sa også at ein kan ta ein sjanse og dunka resten av glødepluggen ned i motoren, og håpa på at den landar oppå sylinderen, den er mjuk på toppen sa han, og den lille resten av glødepluggen vil klistra seg til toppen av glødepluggen, og det vil fungera bra å kjøra sånn. Han hadde sjølv demontert fleire motorar, og sett at det hadde lagt seg ting oppå sylinderen. Ein kan også vera uheldig, at resten av glødepluggen ikkje treff sylinderen, men endar opp med å dansa rundt inni motoren.

Å levera bilen inn på verkstad er eg redd ikkje vil lønna seg på ein så gammal bil med høg km. Og å ta av toppen føler eg er ei for stor oppgåva for meg. Bilen må vera EU-godkjent innan 31. mai denne månaden. Eg er i villereie kva eg skal gjera. Har du nokon gode tips?

På forhand takk for hjelpa og at du tok deg tid til å lesa dette:)

Vennleg helsing Johan

rediger omgjør tags merk som støtende lukk merge slett

1 answer

Sorter etter » eldste nyeste flest stemmer
0

besvart 2019-05-24 10:13:05 +0100

Hei Johan. Litt lei denne. Jeg vil ikke anbefale deg å dytte restene av glødepluggen inn i motoren. Er redd det kan gjøre stor skade.

Så rådet er å få et verksted til å se om de klarer å få den ut. Det vil jeg tro de klarer - uten å ruinere deg helt.

Lykke til!

rediger merk som støtende slett lenke more

Ditt svar

Du kan begynne å skrive uten å være logget inn - spørsmålet ditt vil bli publisert etter at du har logget inn eller laget en ny konto.

Legg til svar

Antall visninger