Nissan Qashqai ladeproblemer
Vi kjøpte ny bil i 2017, problem er at hovudlys blinker i takt med at ladespenningen hopper opp og ned. Så dett ladespenningen til under 13V og kan ligge der over lengre tid, dette inneber at hovudlysa vert svake(halogenlys). Slik eg har forstått det ved å lese på utenlanske forum så har denne bilen eit ladesystem der dette er vanleg. Men skal eg godta at lysa blinker og vert svake? Forhandler verker som ikkje har peiling men Nissan må då vere kjent med problemet da det er beskrevet på bilforum fleire år tilbake. Kva skal eg gjere?