Bakhjulstrekk og kostnad vs årsmodell
Hei!
Sambuar og eg vurderar å kjøpa bruktbil og har sett på MB C-klasse, Audi A4 og BMW 3-serie og X1. Kriteriane våre har vore opp til 100000 km og pris opp til 250000.
Favorittane er nok MB og BMW 3-serie, men dei har som oftast bakhjulstrekk. Eg kvir meg litt til å kjøpa bakhjulstrekk med tanke på veigrep på vinteren, og at desse bilane ikkje er så tilgivelsesfull viss ein først er uheldig og mistar grepet. Kva tenkjer du om dette? Er det framleis lettare å mista grepet med dei nyare bilane med bakhjulsdrift frå 2009/10 og oppover? Er det eventuelt eit skilje på kortid bilane er kome så langt i teknologien at ein bortimot ikkje treng å ha ekstrabekymringar på om bilen er fram eller bakhjulstrekk?
Eit anna spørsmål eg lurer på er om desse bilane eg har beskrive. Er det først og fremst kilometerstanden eller årsmodell ein bør sjå på i forhold til driftssikkerhet og fare for reparasjonar?
På forhånd takk for svar!
Vh Sveinung